Nattarbeid i sporet ved Flåm stasjon
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Flåmsbana. I perioden 14. – 17. oktober, vil det gå føre seg nattarbeid ved Flåm stasjon.
Publisert: 10. oktober 2024 klokken 13:01
Arbeidet femner naudsynt vedlikehald av sporvekslar ved stasjonen. Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 21.00 og 06.00 dei aktuelle kveldane/nettene.
Aktivitetane vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne spesialmaskinar samd ymse utstyr for sveising og sliping av vekslane. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil være relativt moderat og at periodane med noko kraftigare støy vil være kortvarige.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse FLB-202410-001 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 10. oktober 2024 klokken 13:01