Nattarbeid i sporet ved Voss stasjon 31.10. - 1.11.
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Natt til laurdag 1. november, vil det gå føre seg nattarbeid ved Voss stasjon. Arbeidet skulle gått føre seg tidlegare i veka, men måtte utsetjast grunna uførutsette omstende.
Publisert: 31. oktober 2024 klokken 09:57
Arbeidet femner utskifting av masser over ein strekning på om lag 30 meter i området mellom lokomotivstallen og Scandic Voss. Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 18.00 og 03.00.
Aktivitetane vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne spesialmaskinar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av støy og uvande lydar.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202410-003 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 31. oktober 2024 klokken 09:57