Vedlikehaldsarbeid i sporet ved Kløve

Bane NOR har ansvaret for drift, vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden frå 29. september til 17. oktober, vil det gå føre seg sporarbeide ved Kløve.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 20. september 2024 klokken 18:20

Arbeidet femner utskifting av sviller, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Sjølve svillebyttet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (21-08) i tida fram til 8. oktober. Tidlegare på kveldane (19-21), går tida med til å førebu nattarbeidet. I kjølvatnet av svillebyttet, vil det i perioden 8. – 17. oktober, gå føre seg opprydding samt mellom anna justering og pakking (stabilisering) av spora på strekningen.

Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men dei ulike aktivitetane vil innebere periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at arbeidet flytter seg jamt framover, noko som gjer at periodane med støy vil være kortvarige og forbigåande.

Kvifor skifter me sviller?

Det er tett mellom toga på Bergensbanen. Dette gjer stor slitasje på spora. I området ved Kløve, er svillene gamle og slitte, og må difor skiftast ut. Nye sviller bidreg til auka stabilitet og betre sporgeometri. Båe deler bidreg til noko redusert støy frå tog som passerer.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka. 

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202409-007 nyttast om du tek kontakt.


Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 20. september 2024 klokken 18:20