Arbeid i sporet ved Ustaoset stasjon 3. - 7. september

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Ustaoset stasjon, har me hatt sporarbeide på gong gjennom sumaren. Arbeidet går mot slutten, men litt står att før me er heilt i mål.

  • Bergensbanen
  • Buskerud
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 3. september 2024 klokken 10:41

Natt til onsdag 4. og torsdag 5. september, vil det gå føre seg kosting av spor 2 samt i den austre enda av stasjonen. Formålet er å fjerna overflødig pukk i sporet. Samstundes vil nokre sviller bli skifta ut. Det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner.

Natt til fredag 6. og laurdag 7. september, vil det gå føre seg såkalla nøytralisering av sporet rett aust for stasjonen. Formålet med arbeidet er å nøytralisere temperaturavhengige spenningar i skjenestålet. I arbeidet vil det mellom anna bli nytta dieseldrivne maskiner samt diverse spesialutstyr for kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter.

Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal utførast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR med referanse BB-202409-001.

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdagar)


Publisert: 3. september 2024 klokken 10:41