Nattarbeid i sporet ved Voss stasjon 29. og 30. oktober
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. 29. og 30. oktober, vil det gå føre seg nattarbeid ved Voss stasjon.
Publisert: 10. oktober 2024 klokken 11:39
Arbeidet femner utskifting av masser over ein strekning på om lag 30 meter i området mellom lokomotivstallen og Scandic Voss. Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 18.00 og 03.00 dei aktuelle kveldane/nettene.
Aktivitetane vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne spesialmaskinar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av støy og uvande lydar.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202410-001 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 10. oktober 2024 klokken 11:39